Torsdag 30.august snakkar programsekretær JK Flattun mellom anna med fylkesleiaren for årets TV aksjon, Ingrid Deish Horne. Inntektene går i år til Kirkens bymisjon.

Dagleg leiar ved Frivilligsentralen i Odda, Elin Myran, er og på tråden. Ho fortel at sentralen har fått midler til dataopplæring, og det er eit tilbod til alle innbyggarar i Odda, Jondal og Ullensvang som skal gå kvar tirsdag.

Galeasen Gurine har vore under restaurering i Rosendal ei god tid. Anders Jordal i venelaget til fartøyet, fortel om arbeidet og status per i dag.

Sendinga startar klokka 10:02 med reprise 16:02 og kan høyrast på nettradio og på FM – bandet.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.