Landsbylos Ida Sørheim i Nasjonalparklandsbyen Jondal, har jobba på turistkontoret på Juklafjord i heile sommar og fortel i samtale med programsekretær JK Flattun at ho har hatt meir enn nok å gjera på.
Intervjuet kan du høyra her:
– I det fine veret me har hatt, er det mange som har funne på ting rundt om og kost seg i den vakre naturen me har. Behovet for aktivitetstips frå Turistkontoret har ikkje vore så enormt stort.
Mellom dei aktivitetane Sørheim anbefalar turistane er å ta turen inn til Folgefonna og Sommarskisenteret og skitur på sjølve fonna. -Ellers er det og mange andre flotte fotturar ein kan ta rundt om i heile kommunen. Me har og ei vandring rundt om i Nasjonalparklandsbyen. Me har eit turkart med 35 merka turstiar og.
Med omsyn til framtida fortel Sørheim at dei er i ferd med å laga ein felles besøksstrategi for bygda
Jonal har to landsbydagar i året. Den neste er 22.september, fortel Ida Sørheim.
(Meir om det på lydfila over)