Meny Lukk

Siri Elton held stø kurs – ny låt og fleire på trappene

Arkivbilete

Oddajenta Siri Elton sleppte i forrige veke ein ny singel, Running without me som du kan høyra her
– Å spreia låtar i dag er ein kunst i seg sjølv seier den unge artisten som absolutt har som mål å leva av musikken sin.

Innleiingsvis i intervjuet høyrer me ein annan av låtane hennar, Someone else.
I samtale med programsekretærJK Flattun seier ho at det er vanskeleg å leva av musikk i dag. – Det er jo draumen då, men det er vanskeleg å få sin eigen musikk breidt ut, og særleg vanskeleg å gjera det åleine. Ein treng at andre deler songen vidare om dei synes den er god, og sjølv må ein må berre jobba hardt, vera kreativ og finna på nye ting.

Heilt åleine er ho likevel ikkje, Ho fortel om gode vener, støttande familie og ein god produsent. – Eg lagar musikken min heime, men jobbar hovudsakleg med den i Trondheim saman med Kristoffer Hylland Skogheim som og er frå Odda.

Siri Elton er berre 19 år og seier at ho ikkje har verdas lengste set – liste endå, men ho har nok til å ta spelejobbar, gjerne heime i Odda.

Den siste låten til Siri heiter altså Running without me. Ho fortel at det er ein svært personleg låt. – Det handlar om ein situasjon eg har vore i sjølv mange gonger, seier ho. – Det å ikkje vera førsteprioritet for ein person lenger. Det å stå litt igjen. Åleine.
– Noko som kan føra til at ein kjenner seg vonbroten og sint. Dét er det eg prøver å få fram i denne teksten.

Alle songane til Siri Elton er å finna på alle streamingtenester og ho fortel at dei også snart kjem på Youtube.

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: