Tizir produserer titandioksidkonsentrat og og høyrent råjern med bruk av Ilmenitt frå mellom anna Titania i Rogaland. Anlegget er det einaste av sin type i Europa og berre eit av seks i verda. Tizir arbeider med å introdusere ei innovativ, energieffektiv og klimavennleg smelteverksteknologi.

Næringsministeren skal besøke IT-bedrifta Omega i Ølensvåg og næringsmiddelbedrifta Fatland Ølen i Vindafjord kommune.

Tettstadene Ølensvåg og Ølen har ein breidde i næringslivet, med store verksemder innanfor IT, Olje og gass, bygg og næringsmiddelindustri. Fleire verksemder har tidlegare levert mykje til olje og gass, men har også omstilt seg til mye marknader etter oljeprisnedgangen for nokre år sidan.

-Omstilling til nye marknader, og bruk av eksisterande teknologi til nye føremål er viktig for konkurransekrafta til norske bedrifter. Eg gler meg til å få høyre meir om kva næringslivet i Ølen og Ølensvåg gjer for å sikre langsiktig konkurransekraft og arbeidsplassar.

– Utviklinga av ny teknologi og auka digitalisering skjer i ei veldig rask fart. Ei utfordring for norske industribedrifter er å halde følge med utviklinga, slik at dei ikkje blir konkurrert ut og går ut på dato. Eg vil høyre om utfordringane til industrien, og korleis vi kan jobbe saman for å løyse dei. Dette er viktig for norske arbeidsplassar og for ein berekraftig velferdsstat, seier Røe Isaksen.