Meny Lukk

Langs Åkrafjorden for 16. gong

Langs Åkrafjorden vert arrangert for 16. gong laurdag 25. august i Etne, 45 km frå Odda, 85 km frå Haugesund, og omlag 360 km frå Oslo langs E-134.  Gisle Sellevold i IF Klypetussen fortel at i 2018 har arrangøren  auka premiestigen. Om alle premiane går ut (inkl. løyperekordpremiar på kr 5000 x 2), er det mellom 40. – og 50.000,- i potten.

Men det flottaste er venteleg den fine traséen lang fjorden, folkelivet og atmosfæren arrangøren satsar på.

Sellevold fortel at i tillegg til løp, kan ein delta som både gåande og syklande. Det og barnearrangement.
– Nytt av året er stafett

, fortel han. – Det er åtte etappar, seks på 1 kilometer, ein på to og ein på tre.
Høyr på lydfila der Sellevold fortel meir om arrangementet, om deltaking og fjorårsvinnarar.

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: