Meny Lukk

Det nye Fylkesvåpenet: Folkejuryen har valgt sine 10 favorittar

Fylkesvåpen

– Me er svært glade for det store engasjementet som folk viser for det nye fylkesvåpenet. Talet på innsendte forslag var over all forventing. Mange har også ynskt å vera med i folkejuryen. Dermed kunne vi setja saman ei gruppe med medlemar frå heile det nye fylket, seier fylkesdirektør for kultur og idrett i Hordaland, Per Morten Ekerhovd.

– Det er utruleg kjekt å vere med på å skapa historie, seier folkejurymedlemane frå Hordaland og Sogn og Fjordane som laurdag samla seg om ti favorittfylkesvåpen.

På hordaland fylke sine nettsider
kan du lesa kva jurymedlemene seier om kvifor dei ville vera med i folkejuryen.

– Desse har no peikt ut symbol som er samlande, typiske og varige og som går vidare til nettavrøystinga!  Det er berre å glede seg til den vidare prosessen, seier Ekerhovd.

På onsdag vil me avsløra fagjuryen sine ti favorittmotiv. Er det nokre av dei som er dei samme som folkejuryen har kome fram til? Då opnar og nettavstemminga der du kan tasta fram di favoritt.

Sjå alle ti folkejuryfavorittane, forklaring og ikkje minst namn på dei som ha kome med forslaga

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: