Meny Lukk

Star Wars – entusiastar inntar Finse nok ein gong

VISIT HOTH 2018 er ein samankomst for alle Star Wars – fans, arrangementet finn stad på Finse 1222 denne helga, hotellet som var vertskap for produksjonen av The Empire Strikes Back, den andre filmen i Star Wars sagaen

starwars
Det er Andreas Frølich, regissør i Sheriff Film Comapy, som står bak VISIT HOTH 2018. Han arrangerte det første Star Wars treffet i fjor og fortel i samtale med programsekretær JK Flattun at Finse er omtrent den einaste av locationane i Star Wars universet ein kan vitja reint fysisk.

– Du vil møta rundt 20 karakterar frå Star Wars universet i fullt kostyme og, og får mogelegheiten til å vitja location der filmen faktisk vert spelt inn – enten ved skitur – eller ved å leiga deg plass på hundeslede. I år går sledeturen til «Han Solo Rock».

Ein fin liten R2D2 kjem og til å gli rundt på arrangementet.

Frølich fortel at etter fjorårets store suksess, var det så mange som ynskte på gjentaking i 2018, at halve hotellet vart førehandstinga.  -Årets samling startar i dag og etter det eg veit er det vel berre to ledige rom att.

Mellom tilhengarane som kjem, er det mange nasjonalitetar, ikkje bere norske fans. – Me har folk frå USA, Tyskland, Spania og faktisk ein japanar og.

– Det kjem og folk frå filmselskapet, og året hovudgjest er art – director Alan Tomkins som bygde alt maskinelt utstyr i filmen, frå fartøy og kanontårn til figurar. Han er 79 år og ein utruleg morosam kar og skal halda foredrag. Han har så mykje som 160 store filmar i beltet.

I 1979 var det ikkje mange som skjøna at det var ein megasusksess som var under innspeling på Finse. – Folk såg ei hårete ape og mange kvitkledde soldatar som sprang rundt med våpen, og mange trudde dette var ein B – film, seier Frølich.

Harrison Ford kjem ikkje til samlinga, kanskje fordi han hadde ei svært så strevsam siste etappe på reisa si i 1979. – Han vart sitjande fast på Haugastøl i den verste snøstormen på 100 år, men teamet klarte til slutt å bestikka ein kar til å få dei fram til Finse, ved hjelp av ei flaske
med noko godt i. Det vert fortald at både han og Ford var i særdeles godt humør ved ankomst.

Star Wars – samling på Finse vert det også i 2019. – Det går ut invitasjon til alle skodespelarane som var med, så kven veit, kanskje kjem det store stjerner, avsluttar Frølich.

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: