Det er lenge sidan me har hatt ein så snørik vinter i Noreg. Varsel om ytterlegare snøfall og eit stort behov for opprydding av snø mange stader, gir gode sjansar for å laga eit bidrag til Traktor sin konkurranse der dei kårar Årets brøytevideo 2018

haukeli
Haukeli, bilete: Tone Mannsåker

Fristen for å senda inn bidrag er mandag 19. mars, og det betyr at ein framleis har fire veker på å henta inn videomateriale og setta i gong med redigeringa. Innboksen hjå Traktor-redaksjonen er imidlertid alltid åpen, så ein kan senda inn bidrag allereie no.

I videoen på traktor.no finn ein vinnarbidraget frå Årets brøytevideo 2017, der entreprenør Kjetil Walle og videoprodusent Arne Leo Bertoia har foreviga delar av førstnemnde si brøyting vinteren 2016/2017. Den kan vera til inspirasjon for den som ynskjer å laga video til årets kåring. Nettsida har og ein faktaboks med konkurransereglar.

Det er viktig å lesa alle reglane, men to av dei vil traktor.no nemna spesielt. For det første må ikkje bidrag som kjem inn til konkurransen vera publiserte andre stader (til dømes på Youtube) før dei vert publiserte på traktor.no. Bidraget kan i så fall ikkje vera med i konkurransen. For det andre er det viktig at den som lagar video, brukar musikk som ein har rett til å bruka, og at informasjon om musikken vert sendt inn saman med videoen.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d