Rekneskapen for Hordaland fylkeskommune for 2017 viser overskot på 107 mill. kr. Stram økonomistyring er hovudårsaka til det positive resultatet skriv fylkeskommunen på nettsidene sine

fylkesvåpen

Skatteinngangen i 2017 er 16 mill. kr høgare enn budsjettert. I 2016 stod skatteinngangen for nær 100 mill. kr av resultatet. – Drifta vår er no vesentleg betre, slik at det ikkje er utanforliggjande årsaker til det gode resultatet, men solid innsats frå medarbeidarane i heile fylkeskommunen. Dette er ei gledeleg utvikling, understrekar fylkesrådmann Rune Haugsdal.

Opplæringssektoren har i 2017 eit positivt budsjettavvik på 16 mill. kr. Det har dei siste åra vore stort fokus på den økonomiske utviklinga i sektoren, og det gode arbeidet viser no att i resultatet for 2017. Samferdselssektoren viser også overskot i rekneskapen med pluss 17 mill. kr. Desse to sektorane står for om lag 80 prosent av fylkeskommunen si drift.

Framleis krevjande økonomisk situasjon

Trass i det positive rekneskapsresultatet, har fylkeskommunen ein krevjande økonomisk situasjon. Høg lånegjeld og auka kostnader med nye, miljøvenlege ferjekontraktar medfører sterk auke i både drifts- og investeringskostnadene. Inntektsveksten fylkeskommunen kan rekne med i åra framover, vil langt frå vere tilstrekkeleg til å makte kostnaden med klimaløftet.

– Vi arbeider målretta for å levere gode og solide tenester til innbyggjarane i Hordaland innanfor alle våre ansvarsområde, og det er eg trygg på at vi skal klare også i åra framover. Knappe økonomiske rammer gjer likevel at vi må prioritere endå tydelegare, seier Rune Haugsdal.

Mange tidlegare tunge investeringar

Fylkeskommunen har gjennom mange år investert tungt i nye og framtidsretta skulebygg, tannklinikkar og infrastruktur. Det har resultert i ei lånegjeld på 10,6 mrd. kr ved utgangen av 2017 med ein gjeldsgrad – gjeld i prosent av driftsinntekter – på 113,4 prosent. Fylkestinget har vedteke at gjeldsgraden ikkje skal overstige 115 prosent, så fylkesrådmannen viser til at ein i rekneskapen for 2017 ligg tett opp under denne grensa. Dette vil påverke handlefridomen i åra som kjem.

Totale driftsutgifter var i 2017 8 014 mill. kr, og til renter og avdrag på lån vart det brukt 716 mill. kr. Investeringane i 2017 var på 2,5 mrd. kr.

Opplæring og samferdsel størst

Det største tenesteområdet er opplæring med driftskostnader på 3 150 mill. kr i 2017. Samferdselssektoren følgjer hakk i hel med kostnader på 3 126 mill. kr.

– Eg vil gje honnør til alle einingane og medarbeidarane for dette flotte resultatet. Det har dei siste åra vore arbeidd systematisk med å snu den negative driftsutviklinga og resultatet for 2017 viser at ein er på god veg, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.