Hardangervidda Natursenter i Eidfjord vart etablert i 1995 og i 2014 starta styret og leiinga å sjå på framtida. Noko som mellom anna resulterte i namneendring

natursenter
Bilete: Ivar Nistad

– I løpet tidsperioden fram til 2018 vart det beslutta at me skulle skifta namn til Norsk Natursenter Hardanger, fortel administrerande direktør Oddvar Braksestad i samtale med programsekretær JK Flattun.

– Me ville ta ein vidare posisjon enn berre Hardangervidda som me hadde tidlegare. Det vil seia eit  natursenter for norsk natur, klima og miljø, og i tillegg skal me vera eit autorisert  besøkssenter for Hardangervidda nasjonalpark.

I Norsk Natursenter Hardanger har ein no bygd opp heile opplevingssenteret på nytt.

– Det vil seia at tankegangen og det som gjestene våre no får oppleva, i stor grad er endra. Me har mellom anna bygd opp ei utstilling med ei tidslinje med utvikling tilbake til 2,9 milliardar år sidan, fortel Brakestad.

Den tek mellom anna føre seg landskyvningar og korleis dei har endra seg. – Det er jo kjent at Hardangervidda låg sør for ekvator i si tid. Og sjølvsagt har me plassert reinsdyrsjegaren på Hardangervidda slik han kan ha sett ut for 9000 år sidan.

Utstillinga går og inn på dei 40 til 50 istidene som har vore gjennom desse åra. – Det er og ei utstilling der gjestene kan utforska bergartar og mineraler som har vore viktige i danninga av Noreg si historie.

Brakestad fortel at dei no har fått fram samspelet mellom kunst og natur. – Dei siste 250 åra har det norske landskapet inspirert mange kunstnarar – fjordar, fjell og fossefall over heile landet, noko som har kome til uttrykk i måleri, trykk og andre medier.

Det er professor i kunsthistorie, Gunnar Danbolt, som har hjelpt senteret å bygga opp forteljinga om mennesket si forståing av naturen gjennom målarkunsten.

– På 1800 – talet såg nordmenn på naturen som verdlaus, og der meinar historikarane at målarkunsten var med på å få til ei endring i tankegangen , slik at naturen vart sett på som verdifull.

Korleis det skjedde vert vist fram i ein sal med 11 meter film på veggen, der dei ulike målarkunstmotiva vert framstilte.

– Målsetjinga vår er først og fremst å gje folk kunnskap om norsk natur, klima og miljø, seier Brakestad.

Han fortel at historisk har Hardangervidda Natursenter hatt omlag 1,3 millionar betalande gjester. – Sånn omlag rundt 60.000 besøkande årleg, og av dei besøkande er skuleklassar, høgskular og universitet éin del. Til og med i dag er det geologistudentar frå Universitetet i Bergen som er på besøk.

Den fantastiske filmen til Ivo Caprino der ein sveipar over fjord, fjell og foss, vert framleis å sjå, men med nokre endringar i starten og slutten.

– Det er ein kvalitetsfilm som skapar så mykje kjensler, at det ikkje er lett å skifta ut dei flotte motiva der, så den har me vald å behalda mesteparten av, fortel Brakestad

Norsk Natursenter Hardanger er ope frå 1.april til 1.november. – Me har normalt gode besøkstal, og reknar med at det ikkje vert mindre med dei endringane som er gjort no, seier administrerande direktør Oddvar Brakestad.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.