Meny Lukk

Framlegg om endring av vegnummer i Hordaland

Størst endringar har vegvesenet føreslege i Hardanger og Kvinnherad
skilt-rosendal
Bilete: Ivar Nistad

Statens vegvesen har gjort framlegg om nokre endringar av vegnummer i Hordaland. Etter at store delar av riksvegane vart overførte til fylkeskommunane i 2010, er det ikkje lenger systematikk i nummereringa. Det har ført til at både riksvegar og fylkesvegar i samme fylke har samme nummer, fortel Hordaland fylkeskommune på nettsidene sine.

Størst endringar har vegvesenet føreslege i Hardanger og Kvinnherad. Fylkesutvalet har slutta seg til prinsippa til vegvesenet, men ber om at fylkesvegen mellom Granvin og Norheimsund framleis skal ha status som fylkesveg 7. Fylkesutvalet har lagt vekt på at «fylkesveg 7» er eit innarbeidd varemerke for turisme og næring og bør ikkje endrast.

Digital vegvising

Fylkesutvalet ber om at det vert arbeidd vidare med forsterka, digital vegvising for å sikra best mogeleg fordeling av køyretøy på ferjesambanda Jondal – Tørvikbygd og Årsnes – Gjermundshamn.

Fylkesutvalet ber om at fylkesveg 48 vert skilta som rute mellom Bergen og Odda.

Fylkesutvalet ber om større satsing på digitale løysingar som elektroniske skilt / opplysingstavler og at det og kjem informasjon på fleire språk. GPS-leverandørar må og få oppdatert informasjon.

Endringar i vegnummer som blir gjennomført:

  • Fylkesveg 48: (Bergen) – Tysse-Eikelandsosen-Gjermundshamn
  • Fylkesveg 49: Bergen – Norheimsund-Jondal-Odda
  • Fylkesveg 54: (Odda) – Gjerde-Rosendal-Husnes-Stord
  • Fylkesveg 548: Husnes-Skånevik-Håland/E134
  • Fylkesveg 549: Jektevik-Våge-Sævareid-Kilen
  • Fylkesveg 553: Mundheim-Strandebarm-Tørvikbygd

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: