Meny Lukk

NM i grautkoking for tredje gang

Den tredje Noregsmeisterskapen i grautkoking vert arrangert på Dyrsku’n i Seljord 15. september, og arrangøren ynskjer å samla folk som likar graut; smaken, fellesskapet, tradisjonar og det å eksperimentera med nye smaker

graut
Graut kokt på Noregs tradisjonelle kornsortar; bygg og havre, har synt seg å vera ernæringsmessig veldig bra. Og endå betre smakar grauten kokt med kjærleik og varme, skriv dyrskun på netsiene sine.

Graut er sunt og godt, samtidig som det er tradisjonelt og nytt. På Dyrsku’n vert det konkurrert i to kategoriar; kvardagsgraut kokt på vatn eller mjølk, eller i kategoriane for tradisjonell festgraut og nyskapande graut der det er opent for kreativitet og utforsking.

Vi veit det er mange dyktige grautkokarar rundt om i landet, og det er mange særeigne grautar basert på ulike råvarer, lokale tradisjonar og nyskaping.

Reint praktisk s kokar deltakarane i grupper etter kvarandre. Alle har med eigne ingrediensar og reiskap dei treng til konkurransen, samt serveringsskåler til nyskapande graut og festgraut.
Arrangøren held arbeidsbord med kokeplater, samt skåler til kvardags graut.

Påmeldingsfrist 10.august.

Dyrsku’n inviterer grautentusiastar og matekspertar, både amatørar og profesjonelle kokkar til eit triveleg fellesskap i ein morosam konkurranse, der det viktigaste er å halda fram på tradisjonar og å eksperimentere med nye smakar.
Bli med du også! Sving grautsleiva og kok graut på Dyrsku’n eropmodinga derifrå

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: