På desse tider i fjor låg det slett ikkje i korta at May Helen Bleie og Laila Bjørk skulle stå i døra til Kremarvegen 6 og ynskja velkomen til opninga av Gullhuset Zilver Neckless 1.mars i 2019, men det skal dei, og dét med pomp og prakt.
Vegval
Det låg vel heller ikkje i korta at May Helen skulle utdanna seg til gullsmed, men den kabalen som er livet, la seg noko annleis enn det ho hadde tenkt. Etter 12 år som støypar i Nordsjøen sat ho med to øydelagte kne, sterkt nedsatt førlegheit og mykje smerter. – Heldigvis hadde eg god dialog med NAV som spurde meg kva eg kunne tenka meg å gjera, og sidan eg hadde pusla med smykker på hobbybasis tenkte at eg kan jo verta gullsmed om eg ikkje kan gå. Eg var jo ikkje lobotomert, seier ho med eit skeivt smil.
Og slik vart det, men først fire kneoperasjonar, så fysikalsk behandling og trening fleire gonger i veka i to år – parallelt med utdanninga. – Eg kunne ikkje berre setta meg ned og vera arbeidsufør så tidleg i livet, så eg flytta til Fredrikstad for å gå på skule. Det vart vanvittig mykje trening samtidig og eg innrømmer at det var tungt, men så lenge eg greidde skulen, var det greit, seier May Helen som bestod svenneprøven med glans våren 2018.
Gullhuset Zilver Neckless
Då ho tok sats og flytta attende til Odda sommaren 2018, var etablering av eigen gullsmedbutikk slett ikkje målet. Men slik vart det. I september 2018 leigde ho Kremarvegen 6, huset som ligg tett inntil Apotekbakken – som ein sa før i tida. Med stor eigeninnsats på May Helen og innsats frå vener og familie og ikkje minst – Laila, har huset gjennomgått ei total forvandling frå solstudio til gullsmedverkstad med tilhøyrande utstillingslokale. Undervegs har May Helen hatt ei bratt læringskurve med omsyn til alt som krevs av sikring for i det heile tatt å få lov til å opna ei gullsmedverksemd, og ho medgjer at skuldrene til tider har vore høge. – Men no kjenner eg at roen har senka seg. NOKAS – kjem inn denne veka og tek den siste oppkoblinga med kamera og sensorar med meir, og elektrikarar har vore her og lagt opp kablar, så no er alt er klart for den siste etappen på det området.
Samarbeid gjer sterk
Det å starta gullsmedforretning åleine, er eit stort og kanske noko einsamt sprang, men for May Helen skulle det visa seg at kabalen ikkje var heilt ferdig lagt endå. Undervegs i prosessen kryssa ho spor med ein annan gullsmed busett i Odda, Laila Bjørk, som er på plass i denne soga allereie. Laila har tolv års erfaring som gullsmed frå ein av dei største gullsmedverksemdene i Reykjavik og har i tillegg vel eit halvt års vidareutdanning frå Firenze innan steinsetjing og handgravering. – Det å få ho med har vore fantastisk for meg, seier May Helen. – Eg kan spørja ho til råds når eg er litt usikker sjølv og spara meg for timar med grubling og fundering.
Dei to gullsmedane seier at dei utfyller kvarandre godt både fagleg og ellers. – Når det gjeld innreiinga her i Gullhuset, vert nok eg rekna for å vera noko pirkete, ler Laila. – Der May Helen synest det er greit med fort og gale, vil eg ha rette linjer og list som møter list for å seia det slik, og då tek ho fatt på andre ting. Me arbeider i det heile tatt veldig godt saman.
Skattekista
May Helen og Laila er klare til å driva full gullsmedbutikk. – Me skal ha absolutt alt, og det me ikkje har, fiksar me. Gje oss tre til fire dagar, så klarer me det meste, seier May Helen.
Gullhuset har signert tunge merkevarer som Færøy Design, Strømmen Trend, Vossasylv. Fjordsylv, Arven og Hardanger Bestikk med fleire. – Me skal og ha smykke som er laga av gullsmedar eg har gått på skule med, spesielle, ikkje – masseproduserte ting for dei som vil ha ”one of a kind”. Samt vårt eige sjølvsagt.
May Helen slapp kolleksjonen Nr 1 i fjor og den består av ring, arming, slipsnål, mansjettar, halskjede og øyredobbar. For å seia det forsiktig, har ho fått mykje åtgaum frå erfarne folk i faget, for denne kolleksjonen som vert seld i fleire gullsmedbutikkar allereie. Ho har og kolleksonen Jørgen og Jonna – ein dåpskolleksjon, Kizz (Keep it simple stupid ) som er enkle design, samt Killer Queen – svarte diamantar og fiffige greier med gullsmeden sine eigne ord. – Butikken vert eit lite skattkammer, seier May Helen. – Eg vil ha ei levande, dynamisk verksemd der det aldri stå stille.
Attende
Gjenbruk av edelt metall er noko May Helen Bleie brenn for. Kolleksjonen Attende er mange hardingar godt kjende med fordi dei har gått til May Helen med til dømes teskeier etter bestemor og fått dei omgjort til ringar. – Det er utruleg mykje verdiar som ligg der ute, gull -og sølvsmykke som aldri vert brukte, rett og slett råstoff til gåver i lang tid. Her på Gullhuset kan me omforma desse til noko kundane heller vil ha. Sjølv har eg til dømes laga meg ein tiara av gamle sølvskeier, så dersom nokon ynskjer seg ei slik til bryllupet, er det berre å koma, seier ho,
– Som du høyrer, fantasien manglar ikkje i dette huset, ler Laila.
Pangopning
Opningsdagen 1.mars, vert det ”full pakke” når May Helen og Laila inviterer til feststemt opning. Robert Hermansen, tidlegare administrerande direktør ved Odda Smelteverk, kjem for å avduka eit kjempemessig takmaleri på 4 x 3 meter, det vert lansering av eit eineståande biletesamarbeid mellom den fargerike kunstnaren Unni Askeland og May Helen. – Me har ein kontrakt på 10 bilete som er 90 x 90 cm store. Det høyrer og med eit begrensa opplag på 100 trykk for sal, og dei er det mogeleg å førehandstinga om ikkje så lenge, når ho har lagt dei ut. Unni kan kanskje ikkje koma sjølv til opninga, men bileta kjem på plass. Me har og fått skjenkeløyve opningsdagen – så sider vert det og, veit du, seier May Helen som saman med kollega Laila Bjørk inviterer alle til feststemt opning av Gullhuset i Kremarvegen 6, 1.mars.
Det låg ikkje i korta, men kabalen har gått opp likevel, så kanskje står det skrive i stjernene då, langt der oppe, at dette var ”meant to be”.
Bilete: f.v. May Helen og Laila. Fotograf: Tone Mannsåker