Meldinga vil famne alle unge mellom 13 til 25 år. Meldinga vil ta opp ei rekke tema, som ungdoms engasjement, demokratiet og at alle har like mogelegheiter. Alle unge, uavhengig av kjønn, seksuell orientering, funksjonsnivå og bakgrunn skal få mogelegheita til å bidra i samfunnet. I tillegg vil den sjå heilskapleg på tema som ungdoms digitale kvardag, helse, stress og press, einsemd og mobbing, og hatkriminalitet og vald. Regjeringa sitt mål er at dagens unge kan slutta opp om eit berekraftig velferdssamfunn, der sentrale verdiar som demokrati, openheit, menneskeverd, tilhøyrsle og fellesskap haldast i hevd.

– Det er på tide at vi utformer ein gjennomgripande politikk for ungdom. Ikkje lausrive som barn i familiar, elevar, studentar, forbrukarar eller i møte med ulike tenester, men ei ungdomssatsing som tek føre seg alle sider ved det å vere ung i Noreg i dag, seier Helleland.

Ungdom skal med

Stemma til ungdom skal koma til syne i stortingsmeldinga. I arbeidet med meldinga vil regjeringa ha god dialog med både organisert og uorganisert ungdom. Barne- og likestillingsministeren har den siste tida reist rundt for å møte unge i ulike livssituasjonar i deira miljø og for å diskutera tema som opptek dei. I tillegg til ungdomsdialogen har statsråden fått over 3000 innspel frå unge via nettstaden ung.no.

– Slike innspel er viktige for å fanga opp kva unge er opptatt av, kva som er viktig for dei og kva dei er bekymra for i framtida. Stort sett har dei unge det veldig bra. Men vi veit også at dei er meir bekymra for klima og verdssituasjonen, føler på eit stort press frå mange kantar og at dei er uroa for om dei kjem til å få seg jobb i framtida. Vi veit at for mange fell ut av vidaregåande skule og at det i framtida vil bli vanskeleg å få seg jobb utan utdanning. Det må vi ta på alvor, for vi vil at alle skal kunna leva gode liv, og bidra til fellesskapa våre og berekrafta i velferdssamfunnet, seier statsråden.

Leggast fram i 2020

Meldinga skal etter planen leggast fram for Stortinget hausten 2020. Arbeidet med ungdomsmeldinga vil koordinerast med andre aktuelle arbeid på feltet, som barne- og ungdomskulturmeldinga under Kulturdepartementet som også skal leggast fram hausten 2020.