Meny Lukk

Klare for dialogmøte om det nye fylket

No skal politikarane møta innbyggarar,  kommunar og aktørar i regionane for å få innspel til planstrategien for vårt nye fylke. Dette fortel Hordaland Fylkeskommune på nettsidene sine.

– Det viktigaste målet med møtet er at det skal vera ein open post der vi vil ha innspel frå alle som har noko på hjartet, og som vil påvirka vegvala for den nye fylkeskommunen sitt arbeid med samfunnsutviklinga, seier fylkesordførarane Anne Gine Hestetun (Hordaland) og Jenny Følling (Sogn og Fjordane), som vil vere til stades på samtlege møte.

Dei stiller på dialogmøta saman med dei andre politikarane frå fellesnemnda sitt arbeidsutval.

Føremålet med møta er å få fram kunnskap og innblikk i utfordringar i heile det nye fylket. Innspela skal inn i eit samla utfordringsdokument for Vestland fylke, som skal ligga til grunn for den nye regionale planstrategien.

Vestland sin regionale planstrategi vil bli heilt sentral for aktivitetane i fylkeskommunen.

Fakta og innspel

På møtet kjem også framtidig rådmann Rune Haugsdal til å orientera om korleis  den nye fylkeskommunen vil bli organisert.

Eit av tema på møta, er fakta om utviklingstrekk i regionen og resultat av spørreundersøking om utfordringar. Frå kommunane kjem det innlegg med innspel om kva som er dei viktigaste tema for felles satsingar framover.

Alle kan koma

Eit føremål med møtet er at folk kan koma med innspel om kva dei meiner bør prioriterast i ein utvikklingsstrategi for fylket. Målgruppa er alle som har synspunkt på kva som bør vera satsingsområde dei første åra i det nye fylket.

Møta er opne for alle, men representantar for kommunane, regionråda og viktige nærings- og samfunnsaktørar vert invitert spesielt, i tillegg til fellesnemnda sitt arbeidsutval og fylkesadministrasjonen.

Tid og stad for møta

Bilete: f.v. Anne Gine Hestetun og Jenny Følling. Fotograf: Hordaland Fylkeskommune.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: