Meny Lukk

Høyr fredagssendinga når du vil

Fredag 04. januar snakkar programsekretær JK Flattun mellom anna med ordføraren i Jondal, Jon Larsgard, som fortel om året som har gått og om samarbeidet fleire ordførarar i Hardanger har for å få på plass ein ny Furebergtunnel.

Festivalleiar Ingvild Ystanes er og på tråden. Ho oppsummerer 2018 og fortel litt om aktivitetar i Litteraturhuset i Odda i 2019.

I går starta påmeldinga til årets første Popquiz på Iris Scene i Odda. Quizmaster Ove Aase kjem på besøk i studio for å fortelja om Quizen.

Programmet startar klokka 10:02 med reprise klokka 16:02 og kan høyrast på FM – bandet, nettradio og DAB eller på lenkene under.

Klokka 13:02 er det Coyntryskred med Svein Hop og klokka 18:02 er det Harald og Franks Country og Bluegrass Jamboree.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: