Meny Lukk

Bergen Mandolinband til Saloonen

Bergen Mandolinband er eit band med lang fortid, men har likevel framtida framfor seg, hevdar dei sjølv. Aslaug Mala skriv i ei pressemelding frå Saloonen at dei er eitt av desse banda som ikkje vil døy, same kor hardt livet tar på. Sidan starten i 2001 har bandet hatt dei same fem musikarane, sjølv om både personane og uttrykket har utvikla seg.

Grunnsteinane i musikken er dei amerikanske tonane til felespelar og mandolinist Olav Christer Rossebø, dei klagande munnspeltonane og det kaute banjospelet til etnebuen Ingemund Askeland, dei smygande og stødige tonane til kontrabassist Kjetil O. Lundø, villskapen i både ord og tonar til mandolinist og konfransier Ståle Holgersen, og ikkje minst dei mørke og humoristiske tekstane til songaren, Gaute M. Sortland.

Mala omtaler musikken som amerikanske smakar overrisla med vestlandsk melankoli, heimlengt blanda med utferdstrang hjå øltørste landevegsbandittar.

Bergen Mandolinband spelar på Old River Saloon i Etne laurdag 15.desember og dei lovar fest.

– Etter meir enn femten år som band og med massevis av plater bak seg har bandet lova å berre velje ut dei aller mest feststemte låtane. Her blir det ingen ettertenksam førjulsstemning, men meir noko som kan likne på ein akustisk knus-hus-fest, skriv Mala.

Bergen Mandolinband. Pressebilete

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: