Torsdag 6.desember snakkar programsekretær JK Flattun mellom anna med Kristine Drage, dagleg leiar ved Frivilligsentralen i Jondal. Ho fortel om gratisbutikken sentralen driv, omdøypt til Julebutikken no i desember.

Torleif Helle, dagleg leiar ved Nå Fruktlagetr, er og på tråden. Han fortel om frukttypar som er gode vinterstid og om siderproduksjon med meir.

Radio Haugaland kjem på DAB i Odda i desse dagar og Haugaland Turbonett har vore i Odda for å få sendarar på plass. Montørane Nils Kåre Jørmeland, Svein André Høie og Jan Gard fortel om dette i dagens føremiddagssending.

Programmet startar klokka 10:02 med reprise klokka 16:02 og kan høyrast på, nettradio og på FM – bandet eller på lenkene under.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.