Meny Lukk

Hytter i tretoppane – nytt overnattingstilbod i Odda

Kjartan Aano kom til Odda saman med ein ungdomsgjeng som starta eit kristent kollektiv på Kalvanes. Han arbeider som elektrikar i kommunen og er også ein av dei som har leigd ut til Trolltungaturistar og andre.

I samtale med programsekretær JK Flattun fortel han at han no ynskjer å tilby turistane ei naturoppleving i toppen av eit tre med utsikt ut over Sørfjorden. Det er snakk om trehytter på 14 kvadratmeter.
– Det har tatt til å poppa opp fleire og fleire hytter i tretoppar rundt om i heile landet, men ingen i Hardanger enno, fortel Aano.

Beliggenheita for desse tretopphyttene vert oppå ein knaus over Øvre Kalvanes i skikkeleg bratt terreng. – Staden er vald fordi eg var på utkikk etter den beste utsikten, seier han. – Men me skal anlegga sti og trappetrinn slik at det skal gå an å koma seg opp utan for mykje strev.

Aano har ikkje fått byggeløyve endå, men han fortel at han har fått bekrefta frå ulike instansar i kommunen at ein ynskjer at dette skal verta realisert. – Me har ikkje sendt inn byggesøknad endå, men det er like om hjørna, og hyttene er det etter planen Røynstrand som skal bygga.

Det startar med to hytter i første omgang. – Men me har ein langsiktig plan på seks hytter oppe i den samme skogen, med samme utsikt og såpass avstand mellom hyttene at dei ikkje vert til sjenanse for kvarandre.

Hyttene vert på 14 kvadratmeter. – Ganske små altså, men det må dei vera når dei kun skal henga i eit tre. Dei er for to personar, men det er plass til fire senger, så ein kan pressa inn fire stykker om ein vil det.

Aano fortel at hyttene vert innreid med gasskjøleskap og gasskomfyr, samt toalett. – Me satsar på høg komfort og vinduer overalt slik at dei kan nyta utsikten og ha alt dei treng inne i den vesle hytta.

Han vonar at byggearbeidet kan starta i februar. – Dét er iallefall målet, og me vonar at ei hytte kan stå ferdig i juni 2019. Det er ikkje mange kvadratmeter å bygga, men det er jo ikkje heilt A4, så det tar nok litt lenger tid å bygga enn det som er på bakkenivå.

Aano fortel at dei satsar på at også lokalbefolkninga og andre nordmenn vil ha lyst til å prøva hyttene. – Hovedtyngden vert nok likevel folk som kjem frå andre land for å oppleva Trolltunga, seier Aano.

Bilete: Skisse av hyttte

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: