Fredag 30. november har programsekretær JK Flattun eit tett program. Leiaren i Odda by, Inge Lægreid, oppsummerer julegateopninga torsdag.
Kristin Lamberg fortel om innhaldet i Jul i Rosendal laurdag. Landsbylos Åsmund Bakke fortel kva som går føre seg i Jondal i dag, og formidlat ved Kraftmuseet, Anne Gravdal, fortel om juleverkstad i Folgefonngata i morgon.
Alle desse tre innslag er reprisar.
Flattun har og hatt ein prat med journalist Svein Knudsen, som var med på oppstarten av Radio Folgefonn. Han snakkar om betydninga av å ha lokalradio.
Sendinga startar klokka 10:02 med reprise klokka 16:02-
Klokka 13:02 er det Countryskred med Svein Hop og klokka 18:02 kjem Harald og Franks Country og Bluegrass Jamboree.
Programma høyrer du på FM – bandet og på nettradio.

Legg inn en kommentar