Nærings- og fiskeridepartementet har mottatt ein ny rapport om effekt av lakselus på villfisk. Rapporten vil vera viktig når departementet neste år skal bestemma kva for område av landet som får lov til å auka produksjonen av laks fortel nærings – og fiskeridepartementet i ei pressemelding.
Risikoen for at villaks døyr på grunn av lakselus er lavare i somme område, men andre stader slit framleis, viser rapporten.
– Det er teikn til at utviklinga går riktig veg. Mykje tyder på at innsatsen oppdrettarane gjer for å redusera luseproblemet virkar. I tillegg hadde vi ein kald vinter, som kan ha ført til mindre lakselus, men vi har uansett ein lang veg å gå, og her må oppdrettarane berre fortsetta å jobba målretta, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.
Løypemelding
Styringsgruppa for vurdering av lakseluspåverknadpå villfisk offentliggjorde i går ein rapport om korleis lakselusa påvirkar villaksen. Rapporten er skrive av forskarar frå fleire institutt, på bestilling frå den departementsoppnemnte styringsgruppea.
Forskarane har vurdert data frå 2018, og analysert datasetta ved hjelp av fleire metodar og modellar.
I eitt av områda vert risikoen for at for mykje av villaksen skal døy som følge av lus, framleis vurdert som høg: Frå Karmøy til Sotra (produksjonsområde 3). I åtte av områda vert risikoen vurdert som lav (se oversikt).
Fargelegg neste år
Neste år kjem det ei ny vurdering, der lusesituasjonen for 2018 og 2019 vil verta sett i samanheng.
– Rapportåne fra begge år vil vera viktige når vi neste år skal bestemma kva for område som får lov til å auka produksjonen av laks, og kva for område som må kutta, seier Nesvik.
I tillegg til dei to rapportane kan det også vera aktuelt å sjå på utviklinga i dei føregående åra.
Anbefalingane frå rapportane inngår i regjeringa sitt trafikklyssystem. Ordninga, som trådte i kraft i fjor, skal sørga for forsvarleg og føreseieleg vekst i laksenæringen.
Landet er delt inn i tretten fargelagte område. Fargen vert sett ut frå korleis lusa påvirkar villaksen i området, og avgjer om oppdrettarane i området får lov til å auka produksjonen av laks, eller om produksjonen må reduserast.
Du kan lesa mer om trafikklyssystemet her.
Lav risiko:
- Svenskegrensa til Jæren (område 1)
- Nordmøre – Sør-Trøndelag (område 6)
- Helgeland – Bodø (område 8)
- Vestfjorden og Vesterålen (område 9)
- Andøya – Senja (område 10)
- Kvaløya – Loppa (område 11)
- Vest-Finnmark (område 12)
- Øst-Finnmark (område 13)
Moderat risiko:
- Ryfylke (område 2),
- Nordhordland til Stadt (område 4),
- Stadt til Hustadvika (område 5)
- Nord-Trøndelag med Bindal (område 7)
Høy risiko:
- Karmøy-Sotra (område 3)