Landbruks- og matminister Bård Hoksrud meiner det er gode mogelegheiter for aukt produksjon av norskproduserte juletre, noko som gjer gode mogelegheiter for norske bygder og norsk landbruk.

I Noreg vert det produsert om lag 1 million juletre kvart år. I tillegg vert det hausta omlag 50 000 tre frå ordinær skog fortel Landbruks – og matdepartementet på sine nettsider.  Norske tre har høg kvalitet, noko som fører til høg etterspurnad, også i utlandet. Det er likevel eit aukt potensiale for verdiskaping ettersom om lag 350 000 tre vert importerte kvart år, i all hovudsak frå Danmark.

Norske tre har høg kvalitet, noko som fører til høg etterspurnad også i utlandet. Det er dermed også potensiale for å auka produksjonen for å møta denne etterspurnaden.

Stadig fleire vil ha fjelledelgran. Det er eit juletre slik dei fleste vil ha det: smalt i formen, luktar godt og dryss lite. Noreg har gode klimatiske føresetnader for å produsera fjelledelgrana.

På landbruks – og matdepartementet sine nettsider kan du lesa landbruksministeren sine juletretips.

Bilete: Arkiv

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Oppdag mer fra Radio Folgefonn

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese