Laurdag 1. desember inviterer Olav H. Hauge-senteret på ny til julekonsert. I år er det Sondre Bratland (vokal), Benedicte Maurseth (fele) og Sigbjørn Apeland (trøorgel) som tek med seg kjende og mindre kjende julesongar til Ulvik kyrkje.
Senteret fortel i ei pressemelding at dei tre musikarane alle harsolid forankring i folkemusikken, men er samstundes utforskande og nyskapande. Dei har samarbeidd tidlegare, men det er første gong dei gjer ein julekonsert saman.
Sondre Bratland frå Vinje har nærast blitt ein musikalsk institusjon, og er ein stor formidlar av den vokale, religiøse folkemusikken han kallar den «blå gleda». Benedicte Maurseth er kvedar og felespelar frå Eidfjord som frå ung alder har prega folkemusikkscenen. Ho har teke initiativ til og vore med på fleire nyskapande produksjonar innanfor folkemusikk, og nyleg fekk ho NOPAs musikkpris for musikkverket Tidekverv. Sigbjørn Apeland er organisten frå Haugesund, som reiser rundt med trøorgel i bilen. I tillegg til å vera ein markant utøvar er han også etnomusikolog med sterk interesse for folkelege og verdslege uttrykk.
– Vi er svært glade for at desse tre sterke musikarane takka ja til å ta oppdraget, og at dei vil gje oss ei vakker og høgstemt stund ved inngangen til adventstida, seier dagleg leiar ved Hauge-senteret Geir Netland.
Blant alle julealbum som har kome ut i åras løp er nok Sondre Bratlands Rosa frå Betlehem (1992), og Jol i mi song (2011) klassikarar for mange. Under konserten i Ulvik vil publikum få høyra fleire av julesongane frå desse utgjevinga men artistane lovar også å by på nokre overraskingar.
Bilete; Arkiv