Meny Lukk

Her er innstillinga til nytt fylkesvåpen

Vestland er eitt steg nærare fylkesvåpen, no som ein fagkomité har vurdert forslaga frå fem designbyrå. 19 forslag er laga, og fire er vurdert som eigna. Komiteen tilrår eit forslag som speglar det klassiske, vestnorske fjordlandskapet fortel Hordaland Fylkeskommune på nettsidene sine.

Fem designbyrå har sendt inn eit forslag kvar med motiva fjord/fjell, veband og energi. Tre av byråa har i tillegg sendt inn eit fritt forslag. Fagkomiteen har gjort ei fagleg vurdering av alle forslaga frå byråa, saman med «folkefavoritten» som vart kåra etter ei nettrøysting i haust.

Designbyråa og fagkomiteen har brukt forslaga som kom inn frå innbyggjarane, som inspirasjon i prosessen.

Politikarane avgjer

Blant dei 19 innkomne forslaga frå byråa, pluss folkefavoritten, vurderer fagkomiteen tre forslag som godt egna og eitt som eigna til å bli nytt fylkesvåpen. Det dei synes er best eigna har fjordmotiv, og er det dei har tilrådd. Prosjektleiar Rune Haugsdal har no sendt si innstilling til fellesnemnda. Der vert forslag 1 og 2 vurdert som betre eigna enn forslag 3 og 4.

No skal først politikarane i fellesnemnda sitt arbeidsutval ta stilling til forslaga, før saka går vidare til fellesnemnda. Deretter er det fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane som gjer endelege vedtaket om nytt fylkesvåpen i desember. Begge fylkesting må godkjenne same fylkesvåpen.

Det nye fylkesvåpenet blir tatt i bruk når dei to fylka blir slått saman til Vestland fylkeskommune 1. januar 2020, og blir symbolet på vårt nye fylke.

Dei tre godt eigna forslaga, og det eine eigna forslaget, er vurdert og rangert slik av fagkomitéen:

Forslag 1, tilrådd:

A.jpg

Det tilrådde forslaget er ei stilisert framstilling av det vestnorske fjordlandskapet. Fagkomiteen skriv at det har ein god form og er eit enkelt, men sterkt våpen. Det er eit klassisk heraldisk motiv med historiske røter, samstundes om det er moderne. Fargebruken er tilpassa motivet, og det grøne gjev gode assosiasjonar til det velkjende frodige landskapet på Vestlandet.

Forslag 2, godt eigna:

B.jpg

Fagkomiteen meiner dette forslaget er ei god tolking av bølgjer og vind. Komposisjonen er godt balansert, og motivet er enkelt og attkjenneleg med rørsler. Fargane understrekar bølgjer, vind og energi.

Forslag 3, godt eigna:

C.jpg

Fagkomiteen meiner dette forslaget er ei fin stillisering av kystlina i det nye vestlandsfylket. Det har ein balanse, utan å bli for symmetrisk, og motivet er tidlaust og lett å forklare.

Forslag 4, eigna:

D.jpg

Motivet er ein god ide og har ei viss rørsle. Fargevalet gjev meining saman med motivet, med dei grøne liene som omgjev fossane.

Dette skjer vidare

  • 27. november: Fellesnemnda sitt arbeidsutval behandlar tilråding til nytt fylkesvåpen
  • 3. desember: Fellesnemnda behandlar tilråding til nytt fylkesvåpen
  • 4. desember: Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtek nytt fylkesvåpen
  • 11./12. desember: Fylkestinget i Hordaland vedtek nytt fylkesvåpen

    Bilete: Tilrådd fylkesvåpen.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: