Sju fylkesdirektørar i Vestland fylkeskommune vart i dag presenterte for alle tilsette i Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar. Dei sju er øvste leiarar av kvart sitt fagområde og utgjer fylkesrådmannen si leiargruppe ifylgje nettsidene til Hordaland Fylkeskommune.

Dei sju er Bård Sandal , Per Morten Ekerhovd, Dina Lefdal, Paal Fosdal, Håkon Rasmussen, Ingrid Holm Svendsen og Bjørn Lyngedal.

– Dette er svært fagleg kompetente leiarar med gode samarbeidseigenskapar, og eg ser fram til å bygga den nye fylkeskommunen i lag med dei, seier prosjektleiar og påtroppande fylkesrådmann Rune Haugsdal.

Sjølv om det er over eitt år til fylkessamanslåinga, skal dei nye direktørane bidra til å få Vestland fylkeskommune i drift ein god måte.

– Digitalisering og den raske endringstakta i samfunnet utfordrar oss, og den nye leiargruppa skal bidra til å gje oss det innovative løftet som vi treng. Kompetanse, samarbeidseigenskapar og utviklingskraft har vore dei fremste kvalitetane som vi har sett etter i rekrutteringsprosessen, og eg trygg på at den gruppa som vi no har fått har dette i fullt monn, seier Rune Haugsdal.

Fylkesdirektørane blei tysdag formiddag presenterte for tilsette i Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommune på eit felles allmøte. Vestland fylkeskommune får sju fylkesdirektørar, som skal leia fem fagavdelingar og to stabsavdelingar.

Dette er våre nye leiarar:

Direktør for organisasjon og økonomi
Namn: Ingrid Holm Svendsen
Alder: 49
Noverande stilling: Konstituert fylkesrådmann, Hordaland fylkeskommune
Framtidig arbeidsstad: Bergen

– Med Vestland fylkeskommune har vi ein unik sjanse til å bygga noko nytt, framtidsretta og relevant, til det beste for alle innbyggarane våre. Det blir kjempespennande, og eg gler meg til å ta fatt på den oppgåva. Eg veit at det er mykje god fagkompetanse i stabsavdelinga eg skal leia, så me har det aller beste utgangspunktet, seier Ingrid Holm Svendsen.

Stabsavdelinga vil vera eit viktig verktøy for at Vestland fylkeskommune utviklar seg som organisasjon, og at vi har effektive, velfungerande og gode støttesystem. Stabsavdeling for organisasjon, drift og støtte i fylkesrådmannen sin sentrale stab vil innehalda følgjande hovudansvarsområde:

Direktør for strategisk utvikling og digitalisering
Namn: Paal Fosdal
Alder: 57
Noverande stilling: Assisterande fylkesrådmann i Sogn og Fjordane
Framtidig arbeidsstad: Leikanger

– Eg ser fram til å vera med og bygga ein ny fylkeskommune. Regionreforma er blitt kommentert på ulikt vis dei siste åra, men eg er ein av dei som trur på at det ligg store mogelegheiter her. Eg gler meg til å bli kjent med heile den nye, store organisasjonen, og sjølv om arbeidsstaden min blir i Leikanger, kjem eg til å bruka ein god del tid i Bergen òg, seier Paal Fosdal.

Stabsavdeling for strategi og utvikling får eit overordna ansvar for å sjå funksjonelle område i samanheng. Fylkesdirektøren skal syta for at Vestland fylkeskommune har evne til å gje samfunnsutviklinga ei sams strategisk retning, mobilisere på tvers av sektorar/fagområde, nivå og aktørar og koordinera organisasjonen sin samla innsats og verkemiddelbruk gjennom regional planlegging og utvikling.

Direktør for infrastruktur og veg
Namn: Dina Lefdal
Alder: 53
Noverande stilling: Fylkesdirektør samferdsel, Sogn og Fjordane fylkeskommune
Framtidig arbeidsstad: Leikanger

– Vi er i ein del av landet der veg og samferdsel er noko folk verkeleg brenn for og engasjerer seg i. Å få vera med og utvikla dette vidare, synest eg er noko av det mest spennande ein kan gjera, seier Dina Lefdal.

Som vegeigar vil Vestland fylkeskommune ha ansvar for om lag 5600 km fylkesveg. Dette inneber planlegging, utbygging og drift av vegnettet, samt forvaltningsoppgåver som vegeigar i samsvar med veglova og plan- og bygningslova. Overføring av sams vegadministrasjon vil medføra betydelege nye oppgåver/funksjonar direkte lagt til den nye fylkeskommunen.

Direktør for mobilitet og kollektivtransport
Namn: Håkon Rasmussen
Alder: 54
Noverande stilling: Fylkesdirektør samferdsel, Hordaland fylkeskommune
Framtidig arbeidsstad: Bergen

– No deler vi veg og kollektiv i to avdelingar. Det skal vi få til, men det vil kreva godt samarbeid, og vi må organisera oss tett saman. Digitaliseringa treff kollektivområdet sterkt for tida, og nye tilbod og konkurrentar kjem heile tida. At vi klarer å vera frampå og ta del i utviklinga er heilt sentralt, og då trur eg denne organiseringa er ein fordel, seier Håkon Rasmussen.

Det fylkeskommunale kollektivtransporttilbodet er avgjerande for å sikra gode kommunikasjonar i alle deler av fylket, slik at innbyggarane kan reisa trygt til og frå arbeid, skule og fritidsaktivitetar. Avdelinga skal mellom anna ivareta det overordna ansvaret for utvikling og drift av kollektivtrafikktilbodet i det nye fylket innanfor vedtekne politiske rammer og prioriteringar.

Direktør for opplæring og kompetanse
Namn: Bjørn Lyngedal
Alder: 58
Noverande stilling: Rektor, Amalie Skram vidaregåande skule.
Framtidig arbeidsstad: Bergen

– Eg vil ta med meg perspektivet eg har frå skulesektoren inn i den nye jobben. Skulen handlar om elevane, og eg vil vera ein talsmann for dei som vi faktisk er til for. Vi blir ei stor geografisk eining med lange avstandar, men vi må skapa ein skulesektor der alle blir sett og tatt i vare på på ein god måte. Det blir ei stor og spennande utfordring, seier Bjørn Lyngedal.

Vestland fylkeskommune skal ivareta lovpålagde oppgåver innanfor vidaregåande opplæring. Dette inneber eit ansvar for dei vidaregåande skulane, opplæringa av lærlingar, fagskuletilbodet og vidaregåande opplæring for vaksne i fylket. I tillegg skal fylkeskommunen ha eit tydeleg ansvar for den regionale kompetansepolitikken.

Direktør for innovasjon og næringsutvikling
Namn: Bård Sandal
Alder: 51
Noverande stilling: Fylkesdirektør regional utvikling, Hordaland fylkeskommune
Framtidig arbeidsstad: Bergen

– Det å sikra rammene for sysselsetjing og gode plassar å bu og vera, både i by og distrikt, det blir ei kjempespennande utfordring. Skal vi få til utviklinga vi ønsker i det nye fylket, må vi ha tett samarbeid med kommunar, næringsmiljø, høgskulemiljø og andre kompetansemiljø for å sikra ein god og brei partnarskap. Det ser eg framtil å jobba med, saman med sterke og kompetente tilsette, seier Bård Sandal.

Vestland fylkeskommune skal etablera eit slagkraftig fagmiljø på næringsområdet. Prosjektleiar vil mellom anna vektlegga behovet for omstilling og innovasjon i næringsutviklinga i det nye fylket, og sjå dette i samanheng med forsking og utviklingsarbeid og forvaltning av regionale forskingsmidlar. Avdelinga skal forvalta fylkeskommunale verkemiddel for støtte til nærings- og lokalsamfunnsutvikling i det nye fylket, og sørga for berekraftig forvaltning av fylkeskommunen sitt ansvar for naturressursar.

Direktør for kultur, idrett og inkludering
Namn: Per Morten Ekerhovd
Alder: 50
Noverande stilling: Fylkesdirektør kultur og idrett (konst.), Hordaland fylkeskommune
Framtidig arbeidsstad: Førde

– Vestland blir eit fylke med store utfordringar på kultur-, idretts- og inkluderingsfeltet, men først og fremst har vi store mogelegheiter. Om vi legg profilen for Hordaland over profilen for Sogn og Fjordane i den siste kulturindeksen til Telemarksforsking, får vi ei nesten perfekt utfylling. Saman er eg sikker på at vi blir landet sterkaste fylke på kultur, idrett og inkludering. Det gler eg meg med å få til, saman med heile den nye organisasjonen, seier Per Morten Ekerhovd.

Vestland fylkeskommune skal medverka til å utvikla eit rikt og mangfaldig kulturliv i landsdelen. Gjennom tiltak og aktivitetar skal fylkeskommunen legga til rette for at alle kan oppleva og ta del i tradisjonell og nyskapande kunst og kultur. Samfunnsutviklarrolla inneber eit ansvar for samhandling mellom forvaltningsnivåa, og mellom kulturaktørar og institusjonar på regionalt nivå. Fylkeskommunen har lovpålagde oppgåver for vern av kulturminne og kulturmiljø. Fylkeskommunen samhandlar med frivillig sektor, kulturinstitusjonar, kommunar om planarbeid, kompetanse- og utviklingsarbeid og tilskotsformidling til drifts- og utviklingsarbeid innan kunst og kultur. Fylkeskommunen forvaltar tilskot og støtte til anlegg, lag og arrangement innanfor idretts- og friluftsområdet.

Kva med tannhelse?

Det er ennå ikkje bestemt om tannhelsetenesta skal organiserast som ei ytre eining, direkte lagt inn under fylkesrådmannen sin stab eller som ein del av dei andre oppretta avdelingane.

Illustrasjonsbilete: Sørfjorden. Fotograf: Tone Mannsåker

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.