I fleire år på rad har Black Friday vore mellom dei verste ulukkesdagane i
trafikken. Stressa bilistar på veg til og frå butikkar og kjøpesenter har
medført aukt risiko for trafikkulukker. No viser ulukkesstatistikk frå Finans
Norge for 2017, at Black Friday ikkje lenger er blant dei verste dagane, men det er
derimot dagen før, fortel Tryg forsikring i ei pressemelding.
– På denne dag i fjor, dagen før Black Friday, var det over 2000 trafikkulukker,
noko som gjer den til den verste ulukkesdagen på norske vegar i 2017.
Erstatningane kom opp i vel 47 millionar kroner, og det verste tidspunktet var
mellom klokka 12 til 13 då det var fleire trafikkulukker kvart einaste minutt.
Over 400 bilistar køyrde av vegen og fleire hundre bilar kolliderte med parkerte
køyretøy denne torsdagen i fjor, seier Torbjørn Brandeggen,
kommunikasjonsrådgjevar i Tryg Forsikring.
Topp tre dagar trafikkulukker 2017 (Black Friday var 24. november i fjor):
23. november – 2.032 trafikkulykker
18. desember – 1.994 trafikkulykker
22. desember – 1.993 trafikkulykker
28 prosent auke.
Noko av årsaka til at dagen før Black Friday tronar øverst på ulukkestoppen i
fjor skuldast truleg at det var snøkaos og holkeføre fleire stader i Sør-Noreg.
Antal trafikkulukker på sjølve Black Friday endte på 1.739, noko som er 12. plass
på ulukkestoppen for 2017. Likevel er dette ein auke på 28 prosent i forhold
til året før, og langt over snittet for andre fredager.
– Black Friday har på kort tid blitt ein ulukkesfredag, og vi ser av
skademeldingar at mange uhell og ulukker truleg skuldast stress. Folk har dårleg
tid og skal gjerne rekka fleire butikkar i løpet av kort tid. Dei køyrer regelrett
i skytteltrafikk for å få med seg flest mogeleg av salstilboda denne dagen.
Dette bør ein ha i bakhovudet no fredag og heller forsøka å ta det med ro bak
rattet, seier han.
Mann 42 er versting
Erstatningsbeløpet for Black Friday i fjor kom på over 30 millionar kroner. Det
var flest ulukker mellom kl. 12 til 13, etterfylgd av rushtidene 08-09 og 16-17.
Den verste «bulketimen», påkjørslar på parkerte køyretøy i lav hastigheit, var
mellom kl. 14 til 15.
– Ikke overraskande er det flest menn som er sjåførar i trafikkulukkene Black
Friday. I fjor var det så og si dobbelt så mange mannlege sjåførar som
kolliderte jamført med kvinnelege. Menn i alderen 35 til 50 år krasja mest,
etterfylgd av menn 50 til 64 år og menn over 65 år. Deretter fylgjer kvinner i
alderen 35 til 50 år, seier Brandeggen.
Langt unna bulketoppen
Fylkesmessig var det flest trafikkulukker Black Friday i fjor i Oslo, foran
Hordaland og Akershus, viser Tryg Forsikring sine eigne berekningar. Når det gjeld
såkalte bulkeskader, som oftast samanstøyt i lav hastigheit på parkert bil, var
Black Friday langt unna ulukkestoppen. Den havnet heilt nede på 21. plass i fjor.
– Vonleg skuldast dette aukt bevisstheit når ein køyrer inn og ut av
parkeringsplass. Men undersøkingar viser at 6 av 10 bilistar har blitt utsette
for parkeringsskade, og at 8 av 10 har opplevd at den som var ansvarleg for
skaden, stakk av. Dessverre har slike bulkar ein lei tendens til å bli langt
dyrare å fiksa enn folk trur, seier han.
Topp tre dagar bulkeskader 2017:
17. januar – 375 påkjørslar på parkerte bilar
22. februar – 304 påkjørslar på parkerte bilar
07. februar – 293 påkjørslar på parkerte bilar
Ulukker for 200 millionar denne veka
Det var 425.496 trafikkulukker med materielle skader i fjor, og erstatningane
for desse var på 8,8 milliardar kroner. Ansvars- og kaskoskader står for
mesteparten av erstatningane, viser tal frå Finans Norge.
Den dyraste månaden erstatningsmessig i 2017, var januar, foran desember og mars.
– Men dei dyraste vekene var utvilsomt Black Friday-veka og veka før julaften. Ser
ein på Black Friday-veka totalt i fjor, var det over 10.000 trafikkulukker som
kosta nær 200 millionar i erstatning. Eg fryktar liknande ulukkestal i år, om
ikkje verre. No er det tilbod heile veka. Det betyr aukt trafikk og aukt risiko for
endå fleire trafikkulukker, seier Brandeggen.
La bilen stå, unngå bonustap
Tryg Forsikring sitt beste råd er faktisk å la bilen stå torsdag og Black Friday
Bilete: Arkiv