Meny Lukk

Høyr torsdagssendinga når du vil

Torsdag 22.november snakkar programsekretær JK Flatun mellom anna med Roald Aga Haug, ordførar i Odda. Då dreier det seg om regulering av eit område på Eitrheim i samband med at Biltema vil etablera seg i Odda. Aga Haug snakkar og om sosial dumping og om Hydrogensymposiet som er planlagt i kommunen i 2019.

Kjell Yri i Kvinnherad Turlag er og på tråden og fortel om aktivitetar dei driv med.

I reprise får me høyra intervju med frontfiguren i bandet Good Time Charlie, Arle Hjelmeland, som fortel om Jubelbrus – prosjektet deira for barn i alle aldrar. Det vert og smakebitar frå «Lakenskrekk» som bandet slapp forrige fredag.

Sendinga startar klokka 10:02 med reprise klokka 16:02 og kan høyrast på FM – bandet og på nettradio eller på lenkene under.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: