Meny Lukk

Litterær søndagsstund på låven i Guddal

Søndag 18.november inviterer gallerist Gøril Guddal til ei litterær føremiddagsstund i galleriet, med forfattaren Jon Fosse og skodespelaren Arnhild Litlere på besøk.

Jon Fosse frå Strandebarm har erobra verda med sine nedstrippa tekstar. Kvar setning er lada med innhald.
Arnhild Litlere er også frå Strandebarm. Same dialekt, omtrent same alder, same skulegong. Betre framføring av desse tekstane får ein ikkje skriv Guddal i ei pressemelding.

Arnhild Litleré er skodespelar med eit omfattande og vidt repertoar. For tida er ho å sjå på NRK i komiserien «Side om Side» som svigermor Britt, men det er poesien som står hennar hjarte nær. Ho har i mange år arbeidd med tekstane til Jon Fosse og mange andre poetar. I fjor høyrde publikum henne i galleriet med Olav H. Hauge sine tekstar.

Arvid Aasprang, den allsidige musikaren frå Øystese, vil skapa tonefølgje til tekstane med saksofonen sin.

Programmet varer omlag ein time.

Litlere har og eit broderiprosjekt saman med Åse Ljones, «Poesibroderi»

Dette er eit felles prosjekt som dei har utarbeidd saman, og nokre av broderia vert å sjå i Guddal under arrangementet.

Bilete: Poesibroderi

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: