Fredag 16.november vert det gjensyn med De Musikalske Dvergene og laurdag 17. november er det Daniel Kvammen som står på scenen.
Ifylgje stageway.no har Daniel Kvammen verkelig sett Geilo på kartet med sine underfundige og superfengande låter dei siste åra. Frå det trippel Spellemann-nominerte debutalbumet «Fremad i alle retninga» har det meste gått oppover for unge Kvammen. I byrjinga av fjoråret slapp han sitt andre album, «Vektlaus» og knapt åtte månader seinare var han allereie klar med oppfylgjaren – det mørke søsterskipet – «Maktlaus».
Ambisiøst? Definitivt. Stormannsgalskap? Kanskje. Men den stormande kritikarjubelen som møtte begge platene, var ikkje til å ta feil av. I tillegg til panegyriske omtaler har Kvammen sitt album produsert ei rekke radiohits som: «Du fortenar ein som meg», «Me dansar ikkje for moro skyld», «Om du vil ei gong til» og «Som om himmelen revna» med Lars Vaular – som han sågar nyleg vann en Spellemannpris for.
Medan Daniel Kvammen truleg appelerer mest til den yngre garde, kan det vel henda at De musikalske dvergene fra Bergen er best kjend for eit modent publikum. Dei har vore i Odda fleire gonger tidlegare og har mange dedikerte fans i Blueslaget lokst utøve.
Bandet vert gjerne omtalt som eit omgjengeleg og jordnært kultband som spelar melodisk rock med underfundige og kvardagslege tekstar. Dvergane er kjende som eit godt liveband, og trivs best i tett og direkte kontakt med publikum, skriv oddablues på nettsidene sine.
Bandet starta alt i 1980 under mottoet ”Garantert ambisjonsløs rock!” og har sidan debutplata ”En klase bananer & en enkel seng» (1989) levert ein stadig større samling sorgmuntre og sjølvironiske betraktningar om kvardagens fortredelegheiter.
De Musikalske Dvergene har gitt ut i alt syv studioalbum, to samleplater og ei bok. Hausten 2018 forventar dei å vera klar med en ny konsertplate.
Så fredag 16. november er det altså klart for «fårikål i første, fårikål i andre…., på Iris Scene.