– Dette er ei god løysing som ivaretek trafikktryggleiken, seier leiar av utval for miljø og samferdsel, Jon Askeland, etter at Sekse i Ullensvang har fått to vegmaster med solcelleteknologi.

nettsidene til Hordaland Fylkeskommune seier han at han  har merka seg at dette er eit pilotprosjekt. – Det er spanande, og eg vil gje honnør for kreativitet. Me oppnår formålet med veglys og får ein meir trafikksikker veg, seier Askeland.

Om prøvemastene fungerer bra, skal 2,5 km fylkesveg lysast opp ved hjelp av oppsamla dagslys – og heradet sparer tusenar på straumutgifter.

– Me reknar med å spara straumutgifter på om lag 25 000 kronar i året, seier Marit Ystanes, tenesteleiar teknisk drift i Ullensvang herad.

– Dette er ei fleksibel og flott løysing. Eg har stor tru på at det skal fungera som forventa, seier ho.

Framtidsretta teknologi

Pengane til mastene kjem frå Hordaland fylkeskommune, då Ullensvang herad i 2017 fekk to millionar kroner til veglys på fylkesveg 101 ved Sekse. Dette skulle dekka om lag 100 lyspunkt fordelt på 2,5 km veg. Heradet fekk dispensasjon til å setta opp trestolpar og kablar i luftstrekk i staden for stålstolpar.  Dette møtte lokal motstand og då såg heradet på alternative løysingar, men dei vart fort kostbare.

Det var Mesta AS som foreslo solcelledrivne veglys, og forrige tirsdag vart det sett opp to lysmaster med solcelle på toppen.

Fylkesrådmannen orienterte om dette i ei referatsak i utvalet for miljø og samferdsel (MISA) på onsdag.

– Det er avgjerande at veglysanlegget gir god trafikktryggleik og driftssikkerheit. Om resultata vert tilfredsstillande er dette teknologi som kan verta aktuell for andre strekningar langs fylkesvegnettet. Det er ein grøn, framtidsretta teknologi som minimerer miljøinngrepa, seier fylkesrådmannen i si innstilling.

Prøveperiode

Dei to mastene skal stå i ein testperiode på om lag ein månad.

Om alt fungerer som det skal, vil Ullensvang setta i bestilling master for å dekka heile strekket på 2,5 km. Om ikkje det er tele i bakken, kan det heile vera på plass ein gong på nyåret.

Bevegelsessensor

– Mastene er ikkje seriekopla, men sjølvstendige. Når det byrjar å verta mørkt vil dei slå seg på med 10 prosent lys, og vera på i seks timar. Ein bevegelsessensor fangar opp når det kjem folk eller køyretøy. Då vil veglysa slå seg på med 60 prosent lys, fortel Ystanes.

Om natta vil veglysa vere slokne, men vil slå seg på når det er nokon langs vegen.

På denne vegstrekninga bur det relativt få menneske, og det er lite trafikk. Dette vil innebere mindre forbruk av den energien som er lagra opp på batteriet, og dermed mindre risiko for at batteriet går tomt, samanlikna med meir trafikkerte og tettbygde område.

Mastene vil samla sollys om dagen som skal vera nok til å dekka berekna forbruk, sjølv om vinteren.

Bilete: Solcellemast. Fotograf: Marit Ystanes

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d