I neste veke går Kraftmuseet i gong med å flytta deler av Boliden sitt arkiv over til Senter for Industriarkivet på Smelteverkstomta (SINDARK). Siri Jordal, arkivar og leiar ved SINDARK, fortel at flyttinga er basert på ein deponeringsavtale med Boliden..
– Dette arkivet fortel heile den dokumenterte historia til Det Norske Zinkkompani heilt frå 1924 og me veit ikkje i dag kva me kjem til å finna der, seier Jordal i samtale med programsekretær JK Flattun.
– Det vert veldig spanande å å ta fatt på å registrera det for det er det som er den store jobben her. Boliden sitt arkiv skal sidan ha fast tilhald her hjå oss. Vel bevart – som det heiter.
Høyr heile intervjuet på lenka under.
Bilete: Boliden. Fotograf: Ivar Nistad