Søndag 11.november delte Odda Mållag ut sin årlege Målpris. I grunngjevinga for tildelinga vart det mellom anna lagt vekt på at Helga Mannsåker er ei av dei som har argumentert sterkast og mest overtydande for Oddamodellen som sikrar språkdelt ungdomsskule.
– Helga Mannsåker er mellom dei fremste nynorskambassadørane i landet vårt, og me er stolte av at ho kjem frå Odda og er medlem av Odda Mållag, sa Harald Jordal under tildelinga.
Program sekretær JK Flattun intervjua prisvinnaren som mellom anna sa at Odda kommune er eit eldorado for språkforskarar med sine relativt distinkte dialektforskjellar på kort avstand.
Høyr Harald Jordal lesa grunngjevinga for å gje Målprisen 2017 til Helga Mannsåker og Helga sjølv når ho fortel kvifor språk er spanande.
På Biletet f.h.: Helga Mannsåker og Knut Dale, leiar i Odda mållag.
Helga Mannsåker arbeider ved Universitetet i Bergen, ho førsteamanuensis i nordiske språk. Du kan lesa litt om kva ho arbeider med på UiB sine nettsider.