Konferanse om norsk fagspråk i forsking og høgare utdanning

Kvifor skal akademikarar bruke norsk når forskinga vert meir internasjonalisert? Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø og kulturminister Trine Skei Grande inviterer til konferanse om norsk fagspråk 13. november og den kan du sjå direkte på regjeringa sine nettsider.

Eit overordna mål for språkpolitikken er å sikra norsk som eit fullverdig og samfunnsberande språk i Noreg. Dette skriv Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding

På konferansen som går føre seg ved Universitetet i Oslo, spør ein korleis ein internasjonalt orientert universitets- og høgskulesektor kan vareta ansvaret sitt for å vedlikehalda og vidareutvikla norsk fagspråk.

Arkivbilete

Posted in

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.

Oppdag mer fra Radio Folgefonn

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese