Meny Lukk

Alt som er aktivitetsbasert fell i smak

Hardanger og Voss museum har i sommar hatt omtrent samme besøkstal som i fjor, og særleg Agatunet har hatt mange besøkande. Direktør Randi Bårtvedt fortel i samtale med programsekretær JK Flattun at der har det vore mykje aktivitet i sommar og at det der vert satsa sterkt framover.
– I sommar har me hatt ei utstilling om landslova, då Noreg var på topp i mellomalderen med lovgjeving som me har levd etter i landet vårt til ganske så få hundre år sidan. utstillinga var retta særleg inn mot born og unge.

Denne utstillinga er no på Shetland og Bårtvedt seier at det har vore veldig spanande  å vera med på dette. – Det er noko me vil satsa vidare på.

Når det gjeld aktivitetar ein kan tilby turistar i Hardanger, meiner Bårtvedt at dei ligg som perler på ei snor.

Høyr kva tenker om dette på lenka under.

Bilete: Mikkel og Mikkeline besøker Riddarklubben i Agatunet. Bilete: Hardanger og Voss Museum.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: