– Prisen stadfestar at vi har ein veldig fin og funksjonell skule, seier rektor Svein Inge Styve etter at Voss vidaregåande skule er tildelt «The International Architecture Awards» for 2018.
Det er organisasjonane The Chicago Atheneaum og The European Centre for Architecture som heidrar den beste arkitekturen i verda gjennom denne årlege prisen. Ein jury plukka ut 102 kandiatar innan 23 kategoriar frå 31 land. Voss vidaregåande skule gjer det skarpt i kategorien «universitet og skular» saman med sju andre kandidatar, ifylgje nettsida til Hordaland Fylkeskommune.
Overraska
Rektor Styve seier at det var ei stor overrasking at prisen gjekk til Voss.
– I fjor spurde arkitektfirmaet om dei kunne bruke skulen i denne konkurransen, og vi sa ja. Men vi hadde gløymd heile saka og tenkte ikkje meir på dette. Det var svært kjekt å få melding om tildelinga. Dette stadefestar at vi har ein veldig fin og funksjonell skule. Det har noko å seie for personalet og elevane at vi har ein skule som ut frå eit arkitektonisk miljø blir skildra som veldig fin, seier rektor Svein Inge Styve som er i gang med å planlegge feiringa av prisen.
Glad og stolt
Fylkesordførar Anne Gine Hestetun seier fylkeskommunen har satsa sterkt på utbygging av nye skular på Voss.
– Eg er glad og stolt over prisen. Voss vidaregåande skule er blitt ein flott, funksjonell skule i tett samspel med naturen. Her blir dei unge stimulert til å lære, og her er det eit godt og levande læremiljø. Elevane har svært gode føresetnader for læring og trivsel, og dei tilsette har fått godt arbeidsmiljø, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.
Bygd i tre
Voss vidaregåande skule er på 12.5000 kvadratmeter og vart opna i 2016. Den har seks yrkesfaglege linjer med 400 elever. Skulen vidarefører den lokale tradisjonen med å bygge i tre, men hentar og inspirasjon frå naturen. Bygningen strekkjer seg ut mot dei naturskjønne omgjevnadene, samtundes som eit felles torg trekkjer landskapet djupt inn i skulen.
Inspirert
Voss vidaregåande skule er teikna av Nordic Office of Architecture og AART architects.
– Vi har late oss inspirere av lokalområdet og skapt ein funksjonell skule som spelar svært godt med omgjevnadene, og som opner for samspel på tvers av fag og alderssteg. Positive tilbakemeldingar frå lærarar og elevar er det viktigaste for oss, men det er og svært moro å få ei slik internasjonal vedkjenning for prosjektet, seier Hallgrimur Thor Sigurdsson, som er partnar i Nordic Office of Architecture.
Bilete: Frå Voss vgs si Facebookside.