Mandag 5.november snakkar programsekretær JK Flattun mellom anna med ordføraren i Granvin, Ingebjørg Winjum, som fortel om utviklinga i samanslåingsprosessen med Voss.
Emil Tomasgard er prosjektleiar for Kulturprisen i Odda. Han er på tråden i dag og fortel mellom anna at han ynskjer å få inn forslag til kandidatar.
Noregs Mållag trur det er noko å henta dersom KRF går inn i Solberg regjeringa, fordi partiet har nedfelt i programmet sitt at dei vil ha tosspråkleg skule. Leiaren i Noregs Mållag, Mafne Aasbrenn snakkar om det i dag,
Sendinga startar klokka 10:02 med reprise klokka 16:02 og kan høyrast på nettradio og på FM – bandet eller på lenkene under.