Meny Lukk

Noregs Mållag ventar endå meir nynorskvennleg politikk frå ny regjering

– Med Kristeleg folkeparti i regjering ser Noregs Mållag fram til ein endå meir nynorskvennleg politikk, seier leiar Magne Aasbrenn i Noregs Mållag i ei pressemelding.

– Utdanningsdirektoratet har greidd ut språkdelt ungdomsskule – den såkalla «Odda-modellen» –  etter oppdrag frå eit samrøystes Storting i 2016. Me går ut frå at eit KrF i regjering sikrar nynorskelevane rett til opplæring på nynorsk ut heile grunnskulen. I eit nynorskvenleg budsjett kan dette verta innført alt frå hausten 2019. Då kan 8. klassingane neste år få halda fram i eigen nynorskklasse og ikkje verta spreidde ut i bokmålsklassar. I tillegg må nynorskelevane få det tilbodet dei har krav på i digitale læremiddel. Ansvaret for dette må sentrale styresmakter ta og ikkje overlata ansvaret til kvar einskild kommune. 

   I partiprogrammet seier KRF at partiet vil verna og styrka norsk språk generelt og nynorsk skriftkultur spesielt. Det må tyda ei ytterlegare styrking av lovnaden i Jeløy-erklæringa om å sikra gode bruks- og opplæringsvilkår for dei de to likestilte målformene i norsk. Denne styrkinga må innebera at det verta innført tidleg start med nynorsk, og at læringa verta sikra med at det framleis vert gitt halvårskarakterar både i hovud- og sidemål gjennom heile ungdomsskulen og vidaregåande. – Dette er viktig for å halda oppe både kompetansen og statusen til nynorsken, seier Magne Aasbrenn.
Bilete: Magne Aasbrenn. Arkiv

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: