Lokalmat- og drikkesalet auka med 2,2 prosent i daglegvarehandelen i 2018. Totalsalet var på 4,97 milliardar. – Ergerleg at me ikkje bikka 5 milliardar i år, men gledeleg at salet tek seg opp etter fjoråret, og ekstra gledeleg at det veks vi heile landet, seier landbruks- og matminister Bård Hoksrud på nettsidene til Landbruks- og matdepartementet.

Årets salstal for daglegvaremarknaden

Lokalmat vert definert som «Mat- og drikkeprodukt med ein lokal identitet, særeigenopprinning eller spesielle kvalitetar knytt til produksjonsmetode, tradisjon eller produkthistorie”. Nielsen måler, på oppdrag frå Matmerk, salet i daglegvarehandelen kvart år.

  • Lokalmat- og drikkesalet auka med 2,2 prosent.
  • Det er lavare enn auken i daglegvare generelt, som er på 2,6 prosent.
  • Lokalmat omsette for ca. 4,97 milliardar dei siste 52 vekene (per veke 40 2018).
  • Lokalmat- og drikkesalet aukar i alle regionar.
  • Rein fisk er største kategori.

– Skal me nå målet på 10 milliardar innan 2025 må heile bransjen dra lasset saman. No er det viktig at me arbeider saman for å følga opp regjeringa si satsing på «Matnasjonen Norge» . Det er synd at me ikkje klarte å nå 5 milliardar i daglegvaresalet. Me veit at omsetninga er større fordi i dette talet vert ikkje salet i spesialbutikkar, restaurantar, reiselivet, matfestivalar, Bondens marked, gårdsutsal og Reko-ringar målt. Det er fakta eg gjerne vil ha for å få eit mest mogeleg heilskapleg bilete, sier Landbruks og matminister Hoksrud.

– Eg har derfor bede Stiftelsen Matmerk om å gjennomføra ei breidare salsmåling av lokalmatsal i 2019, nettopp fordi dette er tal me har behov for når me vidareutviklar «Matnasjonen Norge», avsluttar Hoksrud.

Bilete: Arkiv

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: