Meny Lukk

Det heile starta med dugnadsradio i 1983

Det var Svein Knutsen, Paul Arne Hjørnevik og Gunn Gravdal som hadde dugnadsradio i samband med Oddadagane i mai 1983.

– Det var Oddadugnaden som gav meirsmak, fortel Svein Knutsen i samtale med programsekretær JK Flattun. – Me hadde sendiungar to gonger om dagen og fekk ein kolossal respons. Då fann me ut at nærradio må me jo ha, og det må me framleis ha,

Han fortel at det var dåverande redaktør i Hardanger Folkeblad Øyvind Madsen som sende inn søknad på vegne av dugnadsradioen om å få låna NRK sin lokale i Odda.  – Og det fekk me faktisk lov til, fortel Knutsen.

På lenka under kan du høyra kva meir han fortel om dei tdlege åra og om den betydninga han meiner lokalradio har i dag.

Bilete: Hovudsendaren i Eidesåsen. Fotograf: Ivar Nistad.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: