Per Terje Moe, musikklærar ved Odda Ungdomsskule, fortel i samtale med programsekretær JK Flattun at det kom som ei stor overrasking at han fekk Musikk i skulen sin pris, Årets musikklærar, ei utmerking som vart stifta i fjor.
– Eg visste ikkje at eg var nominert ein gong, men eg er jo glad for at rektor nominerte med sjølvsagt. Musikk i skolen er ein landsdekkande organisasjon for musikkundervisning i skulen.
På lenka under fortel Moe korleis han har arbeidde i meir enn 30 år for å gjera musikktimane fengande for elevane.
For generasjonen som vaks opp med musikktimar som alltid starta med «Jeg er havren» og leksonar om klassiske komponistar, er dagens musikkundervisning for reine eventyret å rekna.
Bilete: Odda Ungdomsskule. Fotograf: Tone Mannsåker