Meny Lukk

Sjå Fylkestinget diekte på nett – TV

Fylkestinget vert vist på nett-TV og opnar tysdag 2. oktober kl.11.00 . Det vert mange spørsmål og interpellasjonar og Terje Kollbotn (Raudt) spør mellom anna om status for varig flaumsikring av Opovassdraget.

Representantane i fylkestinget har meldt inn tre interpellasjonar og ni spørsmål til fylkestinget. Dei blir behandla onsdag 3. oktober kl. 09.00.

Interpellasjonar

Natalia A. Golis (MDG) har interpellasjon om Hordaland og Vestlandet er ein berekraftig region i tråd med FNs berekraftsmål.

Alexander Fosse Andersen (SP) spør i ein interpellasjon om byte av målform i den vidaregåande skulen.

I den tredje interpellasjonen spør Terje Kollbotn (R) om regionreforma – kva no?

Ni spørsmål har fylkestingsrepresentantane meldt inn:

Siri Klokkerstuen (A) spør kva som er gjort eller blir gjort for å realisera snøggbåten i Sunnhordland som reiselivsprodukt.

Tore Andre Ljosland (KrF) spør om utlysing av stillingar i Innovasjon Norge.

Beate Husa (KrF) spør om regional plan for attraktive senter.

Renate Møgster Klepsvik (FrP) spør om kapasiteten på Sunnhordlandsruta frå Bergen og innfartsparkering på Huftahamar.

Terje Kollbotn (R) stiller spørsmål om Keolis som har fått ny kontrakt på drift av Bybanen.

Øyvind Ansgar Hardeland (A) spør om overgang frå veglys av kvikksølv til LED.

Aud Karin Oen (SV) spør om Hordfast-sambandet.

Marthe Hammer (SV) spør om status for planlagde sykkelvegar i Bergen

Terje Kollbotn (R) spør om status for varig flaumsikring av Opo-elva i Odda.

På nett-TV

Fylkestinget blir vist på nett-TV og opnar tysdag 2. oktober kl.11.00 med talar av fylkesordførar Anne Gine Hestetun og fylkesrådmann Rune Haugsdal. Lenke finn du på Hordaland Fylkeskommune sine nettsider.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: