Meny Lukk

Vestland søker nye fylkesdirektørar

Seks stillingar som fylkesdirektørar i Vestland fylkeskommune er no lyste ut. Arbeidsstadar er Leikanger, Førde og Bergen og søknadsfristen er 16. oktober ifylgje nettsidene til Hordaland Fylkeskommune

– Dette er nøkkelstillingar i den nye fylkeskommunen, og dei som vert tilsette vil vera ein del av toppleiargruppa som skal vere med på å bygga Vestland fylkeskommune. Dette er ein særs viktig milepæl for den nye fylkeskommunen, og eg er viss på at dette er nokre av dei mest spanande jobbane på Vestlandet på lang tid, seier Rune Haugsdal. Han er prosjektleiar for nye Vestland fylkeskommune.

Desse stillingane vert utlyste:
Fylkesdirektør for infrastruktur og veg, lokalisert til Sogn og Fjordane (Leikanger)
Fylkesdirektør for mobilitet og kollektivtransport, lokalisert til Hordaland (Bergen)
Fylkesdirektør for kultur, idrett og inkludering, lokalisert til Sogn og Fjordane (Førde)
Fylkesdirektør for opplæring og kompetanse, lokalisert til Hordaland (Bergen)
Fylkesdirektør for strategisk utvikling og digitalisering, lokalisert til Sogn og Fjordane (Leikanger)
Fylkesdirektør for økonomi og organisasjon, lokalisert til Hordaland (Bergen)

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: