Blueslaget lokst utøve og Iris Scene som konsertarena  har hatt eit par rolige veker etter Blueshelga, men førstkomande helg startar eit tett haustprogram.

Det startar eigentleg torsdag, då er det eit gjensyn med Åge Sten Nilsen. Leiaren i Blueslaget, Stein Egil Legård fortel i samtale med programsekretær JK Flattun at Nilsen har vore i Odda to gonger før, først med Queen – konsert under Skaltaket og seinare saman med Tony Carey for ein Rainbow – hyllest.

– No kjem han åleine og skal vera akustisk på Iris Scene torsdag. Fredag har me videoquiz med Terje Ramsdal, dét er ei slags forlenging av den tradisjonelle månadlege plateklubben vår. Laurdag er det Trio de Grimo på dagtid  og Anders Dahlberg Band på kvelden. Dahlberg er ein ung type amercana – artist.

Iris Scene har også ein del aktivitet og arrangement i samarbeid med Littteratursymposiet den knappe veka det går føre seg.  Det startar 10.oktober med bokprat og konsert med Tønes. Det og arrangement ut året, kan du lesa meir om  på laget sine nettsider, oddablues.

– Blueslaget har i alle år vore teknisk arrangør for Litteratursymposiet, fortel Legård. – Noko som betyr at mange av laget sine medlemer er i sving rundt om.

At Lindehuset fell bort som arena i år er både godt og vondt, meuiner Legård. Arrangørmessig er dei jo mykje lettare med kinoen, når me har bore utstyret inn, er me meir eller mindre ferdige. For publikum er det jamnare temperatur og betre komfort, men det er dette med stemninga og sjela i Lindehuset då, det vert annleis enn i Odda Kino – sjølv om den og er ein god arena.

Kva Legård meiner om Iris Scene si framtid på Smelteverkstomta i Odda, kan du høyra på lenka under.

 

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d