Meny Lukk

Rekordpåmelding til Hardangerfjordseminaret UNG

Årets seminar går av stabelen tysdag 25. september. Over 130 elevar frå dei vidaregåande skulane på Voss, Kvam, Fusa og Kvinnherad kjem til Norheimsund for fagdag med foredrag av forskarar på internasjonalt nivå og praktiske øvingar.

Hardangerfjorden sin eigen havforskar, Øystein Skaala med forskingsstasjon i Rosendal, ynskjer elevane velkomen.

Frode Strønen nemner i ei pressemelding smakebitar frå programmet:
Rett frå det Indiske hav og oceanografisk tokt kjem Dr. philos Svein Sundby og fortel om korleis Hardangerfjorden heng saman med dei store verdshava. Elevane får òg vite kvifor spekkhoggaren vitja Hardangerfjorden i sumar.

I Workshop – delen syner Lakselussenteret ved Universitetet i Bergen elevane levande lakselus i mikroskop før dei kan vandra vidare til fiskeanatomi, demonstrasjon på utsett av lakseyngel og film om livet i fjorden av Randi Storaas.

Seminaret har som delmål å visa «kva fjorden betyr av mogelegheiter. Biologi, zoologi, økologi er vegar til yrke. I akademia, næringsliv og forvalting.»

Les meir på nettsida til Hardangerfjordseminaret UNG

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: