Meny Lukk

Det nærmar seg ei avgjerdsle for Oddamodellen

Leiaren i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, vitjar Odda i dag 20.september mellom anna i samband med at det nærmar seg ei avgjerdsle på nasjonalt plan med omsyn til språkdelt ungdomsskule.

Odda Mållag og politikarar frå Odda har drive lobbyverksemd opp mot Stortinget for å få lovefsta Oddamodellen slik at alle norske ungdomar får høve til å gå i enten reine bokmålsklassar eller reine nynorskklassar også på 8. – 10. trinn.

Mandag 8. oktober vert Statsbudsjettet lagt fram og kunnskapsminister Jan Tore Sanner har lova at då skal det og koma eit svar på spørsmålet om det vert språkdeling på ungdomstrinnet.

Høyr kva Magne Aasbrenn seier i samtale med programsekretær JK Flattun.

På Biletet: Magne Aasbrenn. Foto: Noregs Mållag

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: