Meny Lukk

Skademeldingane strøymer inn

Stormen Helene som traff Vestlandet i natt har lagt mange naturskader bak seg.
Tryg Forsikring fortel i ei pressemelding at dei allereie har fått fleire titals meldingar om skader, og forventar fleire ut over dagen.

Tryg bed folk vera forsiktige når dei skal ut og rydda etter stormen sine herjingar.
– Me får fortløpande inn meldingar om nedblåste tre, avrivne tak og ras. Me jobbar på spreng for å hjelpa kundane våre, men det er mykje ein kan gjera sjølv og. No gjeld det å koma fort i gong med sikring og skadebegrensing. Dette er viktig for at skadene ikkje skal verta større, seier Øyvind Setnes, førebyggingsekspert i Tryg Forsikring.

Sikkerheit først

Han understrekar at det aller viktigaste er å tenka sikkerheit først.

– Ta alltid førehandsreglar når du bevegar deg utandørs i sterk vind, også etter at vinden har rast frå seg. Det kan vera at tre står i fare for å velta, eller at lause gjenstandar ikkje er sikra, og kan føra til ytterlegare skader også på person, om ein ikkje går fram forsiktig, seier Setnes.

Vidare har han fylgjande råd til korleis ein går fram etter stormskader:

· Steng hovudbrytar/skru ut hovudsikring dersom det er skade på det
elektriske anlegget. Kontakt elektrikar for kontroll og eventuelle
reparasjonar.

· Varmtvassberedar/elektrisk anlegg som har stått under vatn, må ikkje
tas i bruk før utstyret er kontrollert av elektrikar

· Sett opp varsel ved konstruksjonar som står i fare for å rasa saman.

· Det kan være stor fare forbunde med å fjerna tre som har velta. Tilkall
eventuelt brannvesenet for å få hjelp.

Avgrens skadene

– Det er viktig å sørga for at skadene ikkje aukar i omfang. Mykje kan unngås ved at ein handlar riktig når skaden først har oppstått, seier Setnes, som har fylgjende
råd:

· Skader på tak og veggar bør dekkast til for å unngå at vatn trenger inn
i bygningen.

· Dersom det er kome vatn i bygningen – iverksett tørking. Sett opp
vifter og sørg for god ventilasjon. Opne ytterdører og vindauge kan
bidra til å framskunde tørking.

· Ved store vassmengder kan brannvesenet vera behjelpeleg med pumper

· Rydd eigedomen for lause gjenstandar slik at desse ikkje kan valda
ytterlegare skade dersom vinden tek seg opp iatt.

Dokumenter skadene

– Sist, men ikkje minst, er det viktig å dokumentera skadene! Her er det mange som går på ein smell. Hugs at forsikringsselskapa treng så mykje informasjon som mogeleg for å vurdera omfanget av skadene, seier Setnes.

· Ikkje kast skadd lausøyre med mindre du har avtalt dette med oss. I
mange tilfelle sender me ein takstmann eller ein av våre
samarbeidspartnarar for å vurdera eller utbedra skadene.

· Ta bilete eller film av skaden. Desse kan brukast til å vurdera
omfanget.

Føebu deg på meir uvær

Uværet er på veg sørover i dag. Til dei som endå har tid til det, anbefaler Setnes på det sterkaste at dei tek sine førehandsreglar.

– Fortøy båten, sikra trampolinen og andre lause gjenstandar, som hagemøblar. Har du tre som allereie er i faresona for å velta, kan det være lurt å sikra desse. I tillegg er det lurt å sørga for at vatnet har fritt leide, at ikkje avløp er tette. Det kan og vera lurt å rensa takrenna. Men ikkje gjer noko som går på bekostning av eigen sikkerheit, seier Setnes.

Bilete: Tryg Forsikring/Colourbox

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: