Meny Lukk

Bygdalarm 2019 er i kjømda

–   Kvam Herad er så gilde og låner oss tomta i Norheimsund igjen til neste år, så me er hoppande glade og godt i gang med planlegginga, seier festivalsjef Ida Sørheim i ei pressemeling.

Bygdalarm var i år tilbake etter eit pauseår, og flytta til Norheimsund etter ti år i Øystese.

–  Me var spente før festivalen, men det gjekk jo heilt fantastisk! Bygdastemninga var akkurat som den alltid har vore, og eg trur ikkje det berre var oss som arrangørar som fekk ei oppleving for livet, seier Sørheim.

– Årets festival var ein suksess på alle frontar, og Bygdalarm takkar alle som var med å bidra til det. Me vonar alle er klare for meir av alt til neste år.

Dette betyr at helga 5-6. Juli neste år vert i bygdaelskens teikn, samme stad, samme stemning, nye band og nye magiske bygdaminne, skriv pressetaus Maria Pile Svåsand.

På biletet: Bygdalarm 2018. Fotograf: Håkon Tveit

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: