Meny Lukk

Ny start for fråfallselevar

Skule

Hardanger Produksjonsskule i Ulvik (tidlegare Hjeltnes vidaregåande) vert ei avdeling av Hyssingen Produksjonsskule i Bergen som har vore i drift sidan 2015, med svært gode resultater. Ifylgje Senterpartiet  sine nettsider har 85% av ungdomane funne attende til skule eller arbeid.

Produksjonsskulen er eit tilbod til fråfallselevar i Hordaland og Sogn og Fjordane som av ulike årsaker har vald å slutta på dei ordinære linjene før tida, og avdelingsleiar Håkon Gjerde fortel i samtale med programsekretær JK Flattun at dei starta opp i august med tilsetting av personale og at dei er midt i ein planleggingsperiode nett no.

– Me er klare til å ta inn ungdomar frå midten av oktober og då skal dei kunna vera her eit år og vonleg  finna attende til skulen eller gå ut i arbeidslivet.

Kva ein gjer på ein produksjonsskule går fram av namnet. – Ungdomane arbeider saman med erfarne vaksne, me skal ha ulike verkstader der ungdomane, me kallar dei ikkje elevar, arbeider i lag med fagpersonar. Det vert ikkje bøker, skulebenk eller prøvar og eksamen, understrekar Gjerde.

Det er altså tilbakeføring til skule eller ut i arbeid som er målsetjinga til produksjonsskulen. – Her kan ungdomane ta eit steg attende og finna ut kva det eigentleg er dei vil, det vert eit år med modning og innarbeiding av rutinar og liknande.

Produksjonsskulane i Noreg bygger på produksjonsskulesystemet som ein har hatt i Danmark i vel 30 år. – Dette er eit nasjonalt prosjekt og produksjonsskulane i Hordaland er eit felles prosjekt for Kunnskapsdepartementet og Hordaland Fylkeskommune der ein vil prøva ut om produksjonsskule kan verta eit nytt tiltak for dei som fell ut av vidaregåande.

I haust startar Hardanger Produksjonsskule opp med tre verkstader. – Ein kallar me Natur og miljø, dette er ein friluftsverkstad der ungdomane brukar heile naturen frå fjell til fjord. Den andre har me kalla Mat og grønt og den bygger på heile gardsbruket på Hjeltnes – inklusiv kantina, der dei får erfaring med produksjon av mat.

Den tredje verkstaden som vert starta i år, er Mekanisk verkstad.

– Etter jul startar me noko som kallar Digital verkstad der ungdomane kan læra litt meir målretta bruk av data istadenfor berre å bruka maskinene til å leika seg på, noko som faktisk er ein del av problemstillinga for somme – at dei brukar for mykje tid på dette.

Den femte og siste verkstaden kjem og i 2019 og heiter Kreativ verkstad. – Der legg me vekt på bruk av ord og formidling i si fulle breidde, seier Gjerde.

Målet for alle verkstadene er at dei skal produsera noko som er etterspurd, at dei har kundar. – Ungdomane skal kjenna at dei lagar noko som nokon vil ha, seier Håkon Gjerde.

Biletet er henta frå Hjeltnes vgs si Facebookside

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: