Meny Lukk

Zilver Neckless på plass

Torsdag ettermiddag ynskte gullsmed May Helen Bleie gjestene velkomne til opning av den nye verkstaden sin i Tyssedalsvegen der ho har etablert seg saman med Anette Melkeraaen Hauso, dagleg leiar ved Berg Gull og Sølvs eft.

Lenger nede kan du høyra Flattun sitt intervju med May Helen samt hennar og ordførar Aga Haug sine talar på opninga

Med dixieband, sider og kake vart det god stemning i den store flokken som møtte opp for å få med seg  lanseringa av Zilver Neckless og den spesielle plekterkolleksjonen May Helen har laga i samband med Blueslaget lokst utøve sitt 25 års jubileum.  Desse plektera er alle knytt til kvar sin musikkhistorie/musikar og det finst berre eitt av kvar, så det stod fleire i kø foran disken før salet starta, på jakt etter eitt spesielt som dei hadde sett seg ut.

Då blueslaget lokst utøve pussa opp nye Iris Scene i vinter var May Helen travelt oppteken med innspurten til svennebrevet sitt, derfor fekk ho ikkje bidra der, men ho har sjenerøst donert svenneprøven sin, ein miniatyrkopi i sølv  – av ein heilt spesiell bassgitar, til Blueslaget. Den skal auksjonerast bort laurdag 15. september og inntekta går til Blueslaget/Iris Scene. Ei generøs gåve frå den kreative smykkekunstnaren.

Den offisielle opninga av Zilver Neckless var det ordførar Roald Aga Haug som stod for. Som han sa sjølv, var han iført sitt eige Zilver Neckless, ordførarkjedet, då han klipte over eit symbolsk, raudt band og gratulerte May Helen Bleie og Anette Melkeraaen Hauso med nye, elegante lokaler.


Framsidebilete: JK Flattun
Andre bilete: Tone Mannsåker

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: