Meny Lukk

Høyr fredagssendinga når det passar deg

Fredag 14.september snakkar programsekretær JK Flattun mellom anna med gullsmed May Helen Bleie som opna den nye verkstaden sin med brask og bram torsdag. Ordførar Roald Aga Haug var tilstades og talen hans får du høyra i føremiddagssendinga,

Leiaren i Fellesforbundet i Odda, Knut Jørgen Kvilhaugsvik, er og på lufta. Han fortel mellom anna om nye medlemer i forbundet.

Blueshelga lokst utøve starta torsdag. Leiaren i Blueslaget, Stein Egil Legård, er på tråden. Han fortel kva meir som vert å sjå og høyra i Odda denne helga.
Sendinga startar klokka 10:02 med reprise klokka 16:02.

Klokka 13:02 er det Countryskred med Svein Hop og klokka 18:02 er det Harald og Franks Country og Bluegrass Jamboree.

Programma høyrer du på nettradio og på FM  bandet.

Under kan du høyra dagens føremiddagssending umiddelbart.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: